Alt har ein ende, men pølsa har to! – Under Lupen med Arne Henning Årskaug

Forfatter og bibliotekar Arne Henning Årskaug debuterte i 2015 med den komisk sydende og kokette prosasamlingen UTSTYRSTEKSTAR på Samlaget. I 2022 kom SKAP & SØRG: EKSESSAR OM GØRRA VI BER PÅ – beskrevet av samme forlag som "balstyrig og burlesk showtunesprosa." Byrået inviterte denne nynorske ordklekkemesteren til å svare på medarbeiderundersøkelsen UNDER LUPEN – vår faste og utflytende enquete om prosess, penger, faner og farger. Og selvsagt floskler.

Tekstene dine har ofte et oppramsende melodisk driv i seg, en kombinasjon av repetisjon og allitterasjon er det vel det heter på fintspråk. Kan du si noe om hvordan prosessen med å skrive et fullendt stykke tekst er for deg? Flyter ordene like lett ut av hånden som de gjør på papiret, eller er det mye gnuring og redigering som skal til?

Mykje gnur, mykje trass og tallause våbøner retta mot meg sjølv og skrifta! For ikkje å snakke om tolmod. Det er ingen ibuande flyt eller takt i meg, og eg skrapar gjerne av meg både hud og vit for å fram melodien og drivet, kauket og alvoret. Krotet som fyrst kjem ut av meg, ned på skjermen eller papiret, er det som regel ikkje mykje gagn i, so her gjeld det å verte råka av arbeidslyst om ein skal få i stand noko som ein kan vise fram for omverda. I denne gangen er det gjerne ein del omskrivingar, utfyllingar og utbytingar på setningsnivå ved hjelp av oppslag i Med andre ord, Norsk Ordbok (Ordbok over det norske folkemålet), Norsk Maalbunad, kryssord.org, NAOB, ordbokbøkene.no, ordsamlingane som står i bokhylla heime, og ein del kjelder eg ikkje vil dele med dykk, snushanar. Høgtlesing der eg er einaste tilhøyrar er ogso viktig for framdrifta. Det er gjerne her ein ser/høyrer kva som er usselt og hjelpelaust og derfor må kvistast. Og på den andre sida kva som knitrar, kva ein kan få kveik i etter nokre rundar med korreks. Eg synest ogso det kan vere mykje hjelp i å sprette opp heile teksten, skake i setningane kvar for seg, stramme dei inn eller strekke dei ut (som oftast sistnemnde), og so sette teksten saman igjen på nytt, gjerne med brokkar frå andre fortapte tekstar eg har liggjande, til ei slags fillerye. Det tek den tida det tek, og det vert gjerne årelange og langdryge bataljar. 

Hvor, hvordan, og hvornår liker du best/helst å skrive? Hjemme eller ute blant folk på kafe eller i kollektivtrafikken? I stillhet eller med noe musikk på øret? Vi spør fordi vi er nysgjerrige på om det finnes en sammenheng, evt. kontradiksjon, mellom den maksimalistiske ekstrovertheten i tekstene og miljøet disse mørke komikkperlene blir skapt under.

Det gørre, men ærlege svaret er at eg skriv der datamaskina mi står, når eg er i stand til det, når eg har ei ledig stund. Desse stundene samanfell ofte med at eg sit heime for meg sjølv i leilegheita på Lambertseter. Og her går det mest stille for seg, ei nærast asketisk flikking. Det er nok ein kontradiksjon i det ekstroverte, ekstravagante og eksalterte i tekstane mine, og det (for det meste) stillferdige, seindregne og fredsæle lynnet mitt. Når det er sagt sett eg veldig pris på å reise på fest, i det å drikke øl med framandfolk, i å vere i både gode og dårlege selskap, i å sitje på utestadar eller i andre rom der det aular av folk og ord, der rørsler og kjensler ikkje er føreseielege. Og dette trur eg fort fargar av på tekstane mine, sjølv om omstenda der dei vert til er alt anna enn utagerande.

Hva er det verste du har gjort for penger?

Dei verste eg har gjort her i livet har eg nok diverre gjort gratis. Men av det det har vore inntening på, so ville eg trekke fram at eg har seld vidare saker eg har lånt av andre på Finn.no til gruelege prisar, og at eg ein gong i tida takka ja til å vere tekstforfattar for ein kommunesong.

Hva gjør du når du tviler?

Rause porsjonar med tvil har eg (og resten av menneskeslekta) berre godt av frå tid til anna. Å vere av slaget som berre turar på utan grubling, gnuring og ruging framstår for meg som ein obskøn tanke. Eg let gjerne både tvil og tru finne seg til rette i meg, og er heller ikkje framand for å ta til meg det dei kjem sigande med. Det kan fort vere noko ein får bruk for ved eit seinare høve.

Hvis du skulle være en floskel, hvilken skulle det være? (se evt. denne for inspirasjon)

Alt har ein ende, men pølsa har to!

For alt tek slutt, alt av rangt og alt av godt. Memento mori, det finst ingenting nytt under sola og kloden er berre ein attsett utburd ytst i den kaldaste, karrigaste delen av universet. La di da og det er no so. Eg veit uansett ikkje kva anna det er å gjere enn å le seg forderva over desse tilhøva, kva anna det er å gjere enn å sleppe laus ein frigjerande og respektlaus lått.

Hvor mange faner har du oppe nå/ hvilke? (evt. nevn 5 om det er over 50)

Eg held meg gjerne for god for fanesjuka, men har oppe sju no, og desse ber preg av at eg sit heime i leilegheita og gnurar på tekst, samstundes som eg svarar på dette intervjuet. De får dei i tur og orden:

https://alfa.norsk-ordbok.no

Gråtmyglen

+

Spenevarm

+

Inkjevetta

https://ordbokene.no

Kassabel

https://www.kryssord.org

Kontradiksjon

https://www.nb.no

Hans Henrik Holm si Stjørnir og vetteljos.

https://www.finn.no/

Finn.no

Kan du beskrive hva du ser her i disse tre Fleurschach'ene? B&B sin egenkomponerte versjon av blekkflekkbildene kjent som Rorschach.

1 Flugesverm i ope og betent sår på raggete landdyr, t.d. hjort.

2 Kulehol i pissoaret.

3 Feststemd ranglebande på flakedans i styggevêr!

Og aller sist: Hvilken NCS fargekode er du?

S 2065-R20B som i mitt sinn må vere fargen til ein mollstemd, men svireglad spradebasse.

NCS:

S 2065-R20B

Forrige
Forrige

Lengsel bærer et menneske halve veien! – Under Lupen med Sara Li Stensrud

Neste
Neste

O Hushospitanter!