Orakelet svarer: Snurpemunn. Hva kan det skyldes?
Kjære Orakel.
Min søster og min datter svarer ofte med en tilknappet trutmunn når jeg spør dem om noe. Det kan f. eks. være når jeg spør dem om å flytte seg for å gi andre bedre plass på en kirkebenk. "Kan du flytte deg så damen ved siden av kan få sitte?" De flytter seg. Snurpemunn. Hva kan det skyldes? Hva skal jeg gjøre?
Hilsen rådvill.
Kjære rådvill,
ta hendene frå ein Italienar, og du har i praksis knebla hen - slik lyder munnhellet. Men det er ikkje berre for italianerane at gestar er ein essensiell del av språkbruken vår, som vi veit, er minst like mykje av det vi kommuniserer, fundert i kroppens tale, framfor i den språklege sfæren. Så kva tyder snurpemunnen dine spørsmål blir møtt med, både frå dotter og søster? Og tilkneppa, endåtil? Det freistar å spekulere, og det skal vi: Spør deg sjølv, først av alt, kva er det eigentleg du seier, med kroppen, idet du ber dottera di flytte på seg for å gje plass til ei eller anna dame på ein kyrkjebenk. Kva er det du viser, korleis harmoniserer det med det du ytrar av ord? I nære relasjonar, kan vi lett tenke oss, pregar kjensler og kjennskap kommunikasjonen vår i endå større grad enn elles i samfunnet. Døtre og søstre er klare døme på slike, og det er sjeldan berre enkelt. Orakelet tar seg sjølv i å undre over søskenforholdet, er du f.eks kanskje eldst? I så tilfelle ville trutemunnen kunne lesast som ein aldri så liten opposisjonell gest, av typen, ok, mor/storesyster, vi gjer som du seier, vi registrerer påbodet om forflytting, og vi aksepterer det, om enn ikkje utan ein viss trass. Eg vil på generell basis anbefale deg ein liten snartur innom dei stiliserte gestane si historie, frå den klassiske retorikkens kappedrapering, til det tidlege teaterets standardiserte kjenslealfabet. Kan hende finn du ein ekvivalens til kyrkjebenkens trutemunn der, blant kapper, tyll og opne handflater? I gestane ligg det, til sist, òg eit høve til opprør, til usynleg motstand, til ytring, der språkleg ytring ikkje er på sin plass. Eit kjærlig lite spark i autoritetens sideflanke, i form av ein samansnurpa munn.
Illustrasjon: Ingrid Eggen <3. For flere av hennes arbeid: se.